Bak dagens luke er det HJERTER!
lørdag 13. desember 2025
13. desember!
fredag 12. desember 2025
12. desember!
I dagens luke finn du eit lite "puslearbeid"!
Med små 6-kantar kan du lage mykje fint, her er dei brukt til å lage ein krans som kan brukast som juletrepynt.
HER finn du link til framgangsmåten.
Litt fleire idear!
torsdag 11. desember 2025
11. desember!
I dag er det Tilda sine snømenn bak luka!
På nettsida til Tilda ligg det gratis mønster, link finn du HER!
Kjekke figurar som du kan lage med personleg preg, fine både som gåver og eigen pynt! Og denne pynten treng du ikkje rydde vekk før våren kjem!! Du finn endå fleire idear på Pinterest!
onsdag 10. desember 2025
10. desember.
Bak luka i dag finn du bilde av eit stitchery med julemotiv.
Motivet kan du kopiere inn på eit A4-ark og skrive ut. Sy motivet med td. rødt moulinegarn på kvit bakgrunn, og det kan monterast som bilde i ei ramme i str. A4, eller bruk det til julekort.





























